KOMMENTAR TIL NIKOLAY MALMO's BILDER. Har Du kommentar, send de her. NY E-post frå Einar Wibe:
Så omsider kjem eg med nokre namn på folk på
Nic. Malmo-bilder.
Går litt tilbake først, til bilde nr.
929.125. Tvilar på at mannen til venstre er Arthur Løe,
Jørgen R. Spør etterkomarar etter Arthur.
Bilde 296. Personane kjenner eg ikkje, men
garden er Ner-Salberg. Spør folk i Støre-familen.
309. Enig med redaktør`n. Dette er dokter Per
Kjølmoen.
311. Magne Fjerdingen (1909-1990). ( Torstein
i Portola Valley , og andre: Hos Dis Norge, Gravminner, er
mange namn med fødsels- og dødsår å finna.)
316. Døtre og barne-barn(?) av Eline og
Edvard Raaen.
318. Anders og Julie Salberg med famile:
Frå v enstre: Anders, Ingeborg (gift Holtan),
Jon, Helga (gift Kluken), Julie,Harld, Sigbjørn og tausa
Laura, etternamnet veit eg ikkje om.
323. Lilly Bye, f.1912, på
konfirmasjonsdagen. Ho vart gift med Aksel Ness.
324. Ei (eller to?) Gundersen-jenter.
325. Ukjent, ei Gundersen (Jenny?), Tordis
Ellingsen, Sverre Mikalsen Loraas. Dei to siste var eller
vart ektepar.
327. Familien A.M. Grande.
329. Nr.2 frå venster er Synnøve Lorås frå
Steina (vart gift med Knut Ystad), nr.3 er Aslaug Moksnes
frå Buenget.
330. Dette er barna til Anton Marius og
Oline Grande på Granvollen ved Børgin. Nr. 2 frå venstre er
Magnhild. Lengs til høgre står Asmund og Guri.
331. Frå Grandan. Guten til venstre kan vera
Toralf Holmsve. På trappa frå høgre sit Arthur Løe og kona
Kaja og nedest barna Liv og Gunnar.
332. Petter Austad. Sjå bilde 232.
334. Ja, redaktør`n: Dette er huset til
skomakar Lauritz Hofstad (1882-1967) og kona Julie
(1875-1964), nr 1 frå venstre.
335. Åse Grande, eldste datter av Ivar og
Helga Grande, født 1915. Den andre jenta er Ingrid Holtan.
Nyborg ligg ein stad øvst oppi lia.
336. Røra Songlag rundt 1930. Første rekke
f.v.: nr.2 er ei Ellingsen-jente frå Åsen gard, truleg
Tordis, Jfr. bilde 325. Neste er Karoline Holtan (gift
Tetli), så Gudrun Berg (gift Vaadal), kanskje Borghild
Kjølmoen (gift Sørhus) , så Randi Aalberg (gift Løseth).
Andre rekke: ukjent, Per Følstad,
dirigent, hans far Iver Følstad,Anne Lunnan, Jens Lunnan,
Ingrid Holtan(gift Bragstad), Åsta Holtan, neste er kanskje
Odd Løseth, Åse
Grande( søster til Kåre i bakre
rekke), mann bak dame er kanskje Jon Røflo, dame ukjent,
videre Aslaug Moksnes, Astrid Løe, ukjent.
Bakre rekke: nr.1 ukjent, nr2. er
kanskje Reidar Lorvik som vart buss-sjåfør hos Fylkesbilane,
Ola Lorvik, Kåre Grande, Johan Lund, Arne Roel,ukjent,ukjent,
Johannes
Ellingsen, Marius Lunnan, Ole Holmsve
(nokså usikker). Mannen lengst til høgre er ukjend for meg.
346. Finkledde folk, så særleg langt ut i fri
natur kan dei ikkje vera. Fremst Ole Holmsve. Den andre er
kanskje Sigurd Lorvik. Jon Røflo sit bak Ole. Dama ti
venstre er vel Olaug Austli (gift Larsen). Mannen med
skjermhuve mellom kvinnene er Petter Austad, trur eg. Sml.
bilda 232 og 332. Tredje rekke: Dame med kvit hatt er vel
Borghild Kjølmoen (gift Sørhus), så Kåre Grande og Ola
Lorvik. Lengst til høgre står Edvin Gundersen. Dama med
hatt bak Kåre Grande er Astrid Løe. Olav Hervik står i bakre
rekke ved sida av den kvitkledde dama.
Og dætt var dætt. Håper eg ikkje har bomma!
m.v.h. Einar W.
E-post fra Asbjørg Skoglund Aabakken, 20. mars 2014.
Hei Jan!
Skal prøve gi deg noen opplysninger om noen
bilder. Mener de er noenlunde rett, men hvis
noen vet bedre, er det o k. E-post fra Torstein Lund, 7. mars 2014. Har sett på alle de bildene du har lagt ut. Mesteparten kommer fra landet rundt stasjonen. Bilde 929.311 tror jeg er Magne Fjerding (er ikke helt sikker på hvordan etternavnet er stavet) Bilde 929.242 tror jeg er Torberg Engan som ble gift med Inga Austad i Melen. Han var Kjell Bragstads onkel. Bildet er tatt litt ovenfor Høe huset, hvor sentralen var i gamle dager. Du kan se alle isolatoren på telefon stolpen utenfor huset. Huset nedenfor Høe huset er hvor Egil Solberg vokste opp, samen med resten av familien. Mvh
E-post fra Eystein Ness, 25. februar 2014.
Hei.
Fra Olav Malmo har jeg fått navna på personene på Malmobilde
nr 303.
Bildet er av Ofstad-søskene fra Røra.
Fra venstre: Ivar, Bjarne, Georg, Thorvald, Hjørdis, Gudrun
og Alfhild.
mvh
Eystein Ness
E-post fra Jørgen Røflo, 10. februar 2014.
Bilde 929.304.
Takk for “verdipost”. Dette er en rein skatt for oss.
På bildet fra venstre: Aksel Røflo, Anna Røflo, Karen Røflo
gift Rødjer,Anne Røflo, John Røflo, Aslaug Røflo. Framom
sitter fra v. Ragna Røflo og Anne Rødjer, gift Rognan.
Nå venter jeg spent på om det også finnes et bilde av
bestefar Jørgen!!!
Har sett over bildene en gang til, og har
følgende:
929.124. Kan mannen til v. være Arthur Løe?
929.241. Røflo-gården slik den såg ut før
brannen i 1938. Bildet tatt 1928, fra der
vegbommen står i dag. Damen er Anne Røflo
929.249. Bjarne Selbo til venste for
flaggsstanga. Aslaug Røflo til høgre. Bildet
tatt på Lundsaunet.
929.240, Bildet må være tatt på Vola.
Leksdalsvatnet og Henningbygda bak. Med
jentene???
929.221. Kjenner igjen Aslaug Røflo på bildet.
929.310 Lurer jeg også, men nr 3 fra
v. er John Røflo. Nr 3 fra h. ligner
på Aslaug Røflo. Kan bildet være frå
kalkverkskaia på Hylla. Skinnegangen
kan tyde på det. Troneslandet i
bakgrunnen?
Mener at personen til venstre for Aslaug kan være Bjarne Selbo. De vanket visstnok sammen den tida... Redaktør'n har foreslått Bogakaia Steinkjer.
Ja, det er trekai,
og det er myespon/flis/trebiter
som ligger langs
sporet fremst. Tyder
på
omfattende
handtering av
trevirke av noe
slag. Da kan det vel
ikke være Hylla
lell, viss det ikke
var fra en vinter
med is på Beitsadfjorden. Da
kunne mye transport
fra trelastbyen
Steinkjer gå over
Røra, har jeg lest?
Effektivt og godt samarbeide, med Jørgen i kveld 10. febr, 2014. Mang E-poster!! TAKK! E-post fra Ola Molden, 31. januar 2014. Hei ! E-post fra Jørgen Røflo 9. desember 2013:
Hei!
På det første bildet står Anne, Aksel og Aslaug Røflo, sett fra høyre.
På det neste står Jon ved sykkelen. Så følgen Anne Røflo,
og videre Bjarne Selbo. Damen til venstre kjenner jeg
ikke igjen, men skal spørre mor. Kan være en av
Selbodamene?
Arti dette!
Jørgen.
Jørgen va snåp te å svårrå på spørsmål om Bilde 929.244 og 929.300. TAKK Jørgen! E-post fra Einar Wibe, 8. desember 2013.
Bilde 929.289
Eline Margrete Raaen (1871-1951) og Edvard
Raaen (1873-1951) med familie og ev. andre.
Bilde 929.290
Arthur Ricard Løe (1899-1978) og Kaia Marie Løe
(1893-1980) med barna Asbjørn f.1926, Gunnar f.
1925, Liv f. 1923.
Bilde 929.292
Karoline Holtan (1909-1994), gift Tetlie, på
gårdsplassen hos Elmar Wibe. Åsheimen og Nyborg
i bakgrunnen.
Bilde 292.294
Røra Hormusikklag ca 1930 og 17.(?)-maitog nær
Røra stasjon. Mannen fremst til venstre kan vera
Sigurd Løseth, med ess-kornetten. Nestemann i
same rekka kan vera broren, Odd. Snøen ligg enno
øvst i Hellemshaugane. Mange stablar med
sviller (slippertar, som vi kalte dei) i
bakgrunnen. Hellemshaugane var beitemark heilt
til 1960-talet.
Bilde292.295.
På bildet er familien Iver Berg og fleire.
Iver(1889-1956) med Arne på armen(1926-2005),
Marie(1898-1975), Magnhild(1925-2007),Sivert
(1923-1971), Anny, nest eldst og
Josefine(1918-1945).
Bilde 292.297.
Dette er dokter Per Kjølmoen og hans far,
stasjonsmester Johan Kjølmoen. Hunden heitte
Rossy, ei boxer-tispe, som høyrde til på
stajonen. Bildet er tatt på den nybygde
doktergården, enno umalt. Sjå også bilde
929.103.
Bilde 292.299.
Det kan vera Pål Salberg som er mannen her. Spør Anna, dattera, så blir det nok avklart. Bilde 292.300
Frå Hærneset, med Trones i bakgrunnen. Mannen
til høgre er Jon Røflo.
E-post fra Einar Wibe, 30. juli 2013.
Interessante
bilder igjen! Nokre kjenner eg att, andre er eg
ikkje så sikker på. Nils Løseth og
TorbjørnLøseth kan uttale seg om bilda 264 og
283.
Bilde 929.264: Jenta (dama) til
høgre er vel Signe Raaen, som vart gift med
Georg Løseth. Ho til venstre kan vera ei
Ellingsen-jente frå Åsen gard. Tipper at to av
gutane bak
er Ivar(t.v.) og Magne Grande.
Han til høgra er kanskje Alf Røkke. I bakgrunnen
ser vi Hellemshaugane og Geilbågen. (Spør Bernt
Holtan om namnet Geilbågen ev. –bogen.)
Bildet er nok tatt ein 17. mai på
Nord-Salberg på 1920-talet, slik som fleire i
denne serien.
Bilde 929.269: Gode sjansar for
at Andrea Hjelde kjenner damene. Ho til høgre
kan vera Edel Nordberg.
Bilde 929.280: Frå Nygjerdet, tre
generasjonar.Fremst Ivar(1924-2009) og
Jon(f.1925) Ramstad og Inger Jakobsen. Bak
morfar Iver Oksaal(1856-1934),mor
Kirsten(1894-1977),ei ukjent og mormor Iverine
Oksaal (1856-1942).
Bilde 929.282: Kirsten, Ivar og
Jon Ramstad.
Bilde 929.283:
Bildet som
truleg er tatt i hagen på Hynne, hos Elmar Wibe,
viser f.v. Ingrid Holtan (1911-1986), (gift
Bragstad),Åsta Holtan (1907-1987), Anna Indgjerd
(1907-1991), (gift Salberg), Karoline Holtan
(1909-1994), (gift Tetlie), og truleg Randi
Aalberg (gift Løseth). Den yngste er Andrea Wibe
(født 1925), (gift Hjelde), så bildet er frå ca
1927.
Bilde 929.286: Arthur Løe og
familie i Grandan. Arthur(1899-1978) og Kaia
(1893-1980) med barna Asbjørn (født 1926), Liv
(født 1922) og Gunnar (født 1925).
Mvh. Einar W.
E-post fra Einar Wibe, 8. april 2013.
Bilde 929.255
Ved Salberg kyrkje ca 1930
Dei tre damene er det noko kjent
ved.Frå venstre: Alfhild Støre( født 1909, gift
Sletner), Alfhild Følstad(født1901, gift Salberg),
Borghild Kjølmoen (født 1902, gift Sørhus).
Slektningar kan stadfeste eller
korrigere dette.
Helsing
Einar W.
E-post fra
Einar Wibe, 8. februar 2013.
Båten med dei finkledde og mannen på steinen (også finkledd) er ikkje tatt ved Roelsøya, skjønar eg, for bakgrunnen er Bosneslandet, meiner både redaktør Jan og Klara Brosveet Hembre.Ho er på heimebane her og kjenner utsikta så godt som det går an. Ho meiner også at bildet er tatt ved Loråslandet, og det meiner redaktøren og. Da er denne saka grei, og mitt forslag må strykast, same kor “oppfinnsamt” det var.
God jakt videre!
MVH
Einar W.
E-post fra Klara Brosveet Hembre, 25. februar 2013.
På bilde nr. 929.230 er det
min far Ole Brosveet som sitter på steinen. Og herrene
med damer midt i båten er Ole Holmsve og Ole Lorvik.
Bildet er tatt ved
Loråslandet og over fjorden er Bosneslandet. ( Her ble
mye Ole!)
Hilsen Klara Brosveet Hembre. E-post fra Einar Wibe, 8. februar 2013
Ser at bilde 929.157
manglar opplysningar. Det er
familien Grande på Granvollen ved
Børgin. Far heitte Anton Marius
(1878-1947) og mor Oline
(1883-1970). Sonen heitte Asmund
(1916-1996). Den yngste dattera
heitte Guri (1924-1999).
222. Familien Lorås i
Steina. Far Sefanias (1872-1952) og
mor Anne Bergitte (1875-1965) og bak
frå venstre Sverre, Odd, Synnøve og
Erling. Fremst frå venstre Åse,
Dagrun og Vidar.
230. Dette bildet er
nok teki ved Roelsøya i Børgin. Vi
skimtar Lorås-landet, og Røflohalla
og Marsteinsvola mm. lengst bak.
To av jentene er vel
Gundersen frå Grindberg, nr.4 frå
høgre og nr. 4 frå venstre. Nr.3 frå
høgre er vel Ola Lorvik. Alle har
finklean på!
232.Petter Austad
ved kaia i Hylla sentrum. Vi ser
over til Koa, kjerka og
Øver-Salberg.
234. Tre av familien
Ramstad i Nygjerdet: mor Kirsten
(1894-1977), Jon (f.1925) og Ivar
(1924-2009), så dette er vel frå
17.mai ca 1930.
235.Jon og Ivar
Ramstad.
236. To av damene er
født Gundersen. Ein soldat har visst
gått i dekning.
238. Synnøve Bergitte
Lorås (1909-1975). Ho vart gift med
Knut Ystad (1913-2007).
Mvh.
Ny E-post fra Ola Følstad, 26.11.12. Hei!
Mvh Ola Følstad Ny E-post fra Einar Wibe, 23.11.12.
Kjære redaktør!
Det blir mykje fram og tilbake
når eg går over bildene enno ein gong. Men dei
fleste har eg ikkje kommentert før, ser eg.
929.30 Bildet frå 17.mai på
Nord-Salberg ein gong på 1920-talet viser frå
venstre Lilly Bye,Theodora Støre, Dagrun Støre
oog Dagrunn Aalberg.
Sender inn namn på folk eg
kjente. Skyldfolk av nokre av dei kan vel
bekrefte eller korrigere.
31 Nr. tre frå høgre i bakre
rekka er Odd Løseth, trur eg.
60. Nr. fire frå venstre er
Harald Loraas, bra sikkert.
149. Ester Lunnan med dottera
Asbjørg, på Jensvollen, der Klara og Marius
Lunnan budde.
174. Dama er vel kona til Nikolai
Malmo. Ho vart født i 1906.
176. Søstrene Dagrun og Åse Lorås
frå Steina.
177. Frå 17. mai på Nord-Salberg
ein gong på 1920-talet:
Ingrid Holtan står bak ei jente
med fletter. Mannen til venstre er kanskje Georg
Løseth. Guten til høgre med lys jakke og
skjermhuve er vel Per Grande, eldste sonen til
lærar Ivar Grande. Per vart født i 1916 (på
Asphaug skole).
186. Dei to damene ytterst kan
vera Alfhild Støre (gift Sletner) og (til høgre)
Kari Ertzgaard (gift Salberg).
189. Også 17.-mai bilder tatt på
Nord-Salberg. Jfr. bilde 177. Damene er Dagrun
Støre, Lilly Bye, Theodora Støre og Dagrunn
Aalberg.
201. 17.mai-stemning på
Nord-Salberg. Frå venstre: Lilly Bye, Torgeir
Holtan, Per Grande og Dagrun Støre.
206. Sanitetssjukesøster Marianne
Salberg og kanskje to tanta-born. Guten er bra
sikkert Rolf Roel (son til Signe og John Roel.)
208. Familien Lorås i Steina:
Bakerst frå venstre: Synnøve
(gift Ystad), Erling , Sverre. I midten: Dagrun,
mor Anne, Odd, far Sefanias. Fremst: Vidar og
Åse.
211: Truleg frå same 17.-mai som
bilde 201 o.a.. Frå venstre Magnhild
Hervik,Karoline Holtan og Synnøve Lorås.
221. Fleire kjente her og: frå
venstre Aslaug Moksnes. Magnhild Hervik, Aksel
Røflo og ei søster. Dama til høgre kjenner eg
ikkje. Bildet er tatt ved jernbaneover-gangen
ved “gamle” korsvegen.
Skal sende “kommentarar” til
bildet av Paul Fagervik m.fl. med det første.
Ha ei god helg! m.v.h. Einar
Ny E-post fra Einar Wibe, 07.05.12.
Nye namn er funne og rettingar har skjedd
sidan sist eg var inne på gamle bilder etter Nikolai
Malmo. Fint at han fekk teke så mange gode bilder. Hadde
vi hatt dem for 20 år sia ville nok nesten alle kunne
identifiserast. Da er det fint at vi som er født på
1920-talet og seinare kan kjenne att så mange likevel.
Bra at stadig fleire kjem fra med slektkjennskapen sin.
Bilde 929.44 Er det Gudrun Berg (gift Vaadal) som står
bakerst?
46 Jens Lunnan er han nr tre frå høgre. (Retting)
92. K. Kjølmoen er feil. Stasjonsmesteren heitte Johan
KJølmoen.
127. Framfor Folkets Hus. To søstre Gundersen til høgre.
147. Mannen er Johan Salberg. født 1902.
149. Frå Jensvollen: Ester Lunnan (født 1898) me dotter
Asbjørg.
154. Bildet er frå Hellem. På trappa sit far, Elmar Wibe,
med dotter Andrea på fanget.(Spør Andrea for sikkerheits
skuld.)Der sit og søster Ingeborg (Bolla), født 1923.
Dama til venstre på verandaen kan vera Anne Kjølmoen,
kona til stasjonsmesteren. Ved sida av henne Bergljot
Austad frå Nordgarden. Vidare Ane Holtan og ein gut.
Ståande fra venstre Bernt Holtan. lærar Ivar Grande,
trur eg, Karoline og Aasta Holtan, Anne Wibe (mor).
Sitjande: søstrene Julie Salberg, Nord-Salberg, og
Ingeborg Loraas (Ner-Lorås). Kan den næraste guten vera
Bjarne Holtan?
163. Høgdene i bakgrunnen liknar på Lorås-høgda og
Gjeldsås-høgda(til høgre). I så fall blir vel dette ein
stad nord for Folkets Hus.
Ha ein god dag!
E-post 24. april 2012, fra Bjørg Vaadal Hei ijænn! Kainn tilføy på bilde nr.: 929. 24. Hainn nr. 2 i føst rækka frå venstre e Sigurd Berg, Ner-plassen, Lorvika Sparbu. Bilde nr.: 929.31 der e såmmå mainn i føst rækk, menn da nr. 1. Mvh Bjørg på Skjei E-post 23. april 2012, fra Bjørg Vaadal Hei! Arti m gammel bilda! Æ vill kåmm m
nån korrigeringa å opplysninga. Bilde nr. 929. 18: Bilde nr. 929.46: Bilde nr. 929.51: Bilde nr. 929.112: Mvh Bjørg (Vaadal) på Skjei E-post 22. april 2012, fra Asbjørg Røske:
Hei!
Som utvandret Rørbygg var det en fornøyelse å se på
Nikolai Malomos gamle bilder - deriblant mange
ansikt jeg drar kjensel på. Jeg supplerer derfor med
noen navn på personer jeg gjenkjenner.
Bilde 929.29:
Fra høyre: 1. Anne Rødjer Rognan, 2. Aslaug Røflo,
4. Åse Grande.
Bilde929.60:
1. rekke fra venstre: 3. Einar Røske, ytterst Petter
Hembre.
3. rekke fra venstre: 1. Guro Selbo, 2. Aslaug Røflo,
4. Borghild Røflo Røske (min mor), 5. Anne Røflo
Longva.
4. rekke fra venstre: 1. Elmar Kleth, 2. Jon Røflo,
3 Arne Røske (min far).
Bilde 929.81:
1. rekke fra venstre: 1. Helge Hermann, 2. Anna
Røske Øye, 4. Gunvor Hembre Rendum, 5. Kåre Grande,
6. Astrid Hembre Haarberg.
2. rekke fra venstre: 1. Ola Lorvik, 2. Petter
Hembre.
Bakerst fra venstre: 1. Edvind Gundersen, 2. Åse
Grande.
Bilde nr. 929.37:
Jentene til Selbo hette Guro og Ingeborg.
Mvh.
Asbjørg Røske Sundet
E-post 1. april 2012, fra Marit Øye:
Dette var interssant stoff! Jeg kan bidra
med opplysninger til noen bilder:
* 929.51 Med hårbånd til venstre er Åse
Grande
* 929.81 Nr. to fra venstre i første
rekke, sitter min mor, Anna Røske. Hun ble senere gift
med Ole Øye. Bak, fortsatt med hårbånd, står Åse Grande.
* 929.86 Nr. to fra venstre, halvt
skjult, står min far, Ole Øye. Han bodde på Jensvoll til
han i 1933 giftet seg
med Anna Røske.
Med vennlig hilsen
Marit Øye
E-post 31. mars fra Jon Stamnes:
Hei!
Foto 929.47 har vi som et
postkort.
Det viser familen Sæli.
(Mine besteforeldre på morsida.)
De voksne er: Peder (Per)
Sæli 1886-1959 og Petra f. Muller 1892-1982.
Bak står tante Arna, gift
Aksnes 1914- 2005
På fanget til Per, sitter
onkel Odd 1918- 2010
På fanget til Petra tante
Dagrun, gift Austad 1921 og lever forsatt.
Bilde er trolig tatt i
1922, da Dagrun ser ut til å være vel et år gammel.
Da bilde ble tatt bodde
vissnok familien i Leksdal. Flyttet senere til
gården Sæli Nedre, på østsida av Leksdalsvatnet.
På andre foto drar min far
Ludvig kjensel på bilder fra Lundsaunet.
929.15 mener han er Bonsak
Selbo
929.37 er familien Selbo:
fra venstre Marie Selbo, bak står Bjarne Selbo foran
han Bonsak Selbo. Jentene er Julie Valum og den
yngste Ingeborg Selbo.
Selbo eide Lundsuanet før
en som het Horne kjøpte gården.
Mvh
Jon Stamnes tlf mobil 99241700 TAKK til Jon og Marit for GODE bidrag! Hei Jan- å t løkk me jula! STOR TAKK te hu Asbjørg ferr både hælsing å opplysninga.
Hei.
Bilde 929-24 Mannen sittende
ytterst til høyre, lys dress og hatt er min farfar Anton
Brosveet.
Bilde 929-92 er vel
"doktorgården," med Dr. Kjølmoen på trappa. Mannen i
uniform på altanen er kanskje far til Dr. Kjølmoen. Han var vel
stasjonsmester?
Og folka til venstre er vel arbeidsfolk da det ser ut som huset er nybygget og at det er anleggsvirksomhet. Jfr. bilde 929-13 og bilde 929-105 der man kjenner igjen omgivelsene.
Hilsen Klara Hembre.
STOR TAKK te hu Klara som brukt E-post. Mått fleir jørrå som du! (Tækst'n legg å oinner bildan.) NY E-POST FRA EINAR WIBE.
Interessant å få vera med på
gjenkjenning av gamle rørbygger og andre. Har
nokre fleire namn her.
18.I stasjonsparken på Røra. Bak
Aasta Holtan (født 1907) og telegrafist Ole Øye.
Fremst Anna Indgjerd (fodt 1907) og Pål Anton
Salberg (født 1906) som gifta seg og vart
foreldre til Tore Salberg I bakgrunnen ser vi
Bjørklia, Påls barndomsheim.
46. Magnus Støre heilt til
venstre. Nr. 3 er vel Ola Lorvik (som må kallast
rørbygg så god som nokon, enda han var frå
Sparbu). Nr.5 kan vera Kåre Grande og så Jens
Lunnan (utan tvil) og Ole Holmsve.
54. Iver Salberg, Iver målar, som
han vart kallt. Her skal han mala
hagegjerdestolpane på Hynne, ofte kalt “på Wibe”.
Sugne stolpar, så her vil det gå med mykje
maling. (Iver var far til Signe Roel, Wilhelmine
Bye og sjukesøster Marianne Salberg. ( Namnet
Hynne kjem av at tomta vart som ein spiss mellom
riksvegen og stasjonsvegen, eit hynne, eit
hjørne.)
60. Ståande: nr.3 frå venstre er
vel Magnhild Hervik. Sittande, frå venstre:
kvinne med hatt kan vera Åse Lorås (frå Steina)
og så kanskje ei Gundersen-dame,også med hatt,
så Aase Saberg (tidlegare skrive Åse), Sigrid
Brandtsegg,Karoline Holtan, Olav Hervik, Aksel
Røflo (med huve), Kåre Grande (med hatt) og
truleg Ola Lorvik.
Første rekka (sju karar): nr.5
frå venstre er Edvin Gundersen, trur eg, og så
Jens Lunnan, begge med huve.
78 Frå Ner-Salberg:
Eldstegenerasjonen Johannes og Margrethe
Sakshaug, så svigersonen Johan Aksel Støre og
kona Ida, Alfhild og Magnus. Bak Theodora og
Dagrun.
81. Bak enda ein gong er det vel
Ola Lorvik. Edvin Gundersen og to, kanskje tre,
søstrer.
82. Borghild Kjølmoen t.v. med
Andrea Wibe på armen og Ingrid Hervik med
Ingeborg (Bolla) Wibe. Frå sommaren 1925.
89. Torgeir Holtan og Jorulf Wibe,
begge av årgang 1917.
92. Dokter Per Kjølmoen i midten
på trappa. Han til høgre kan vera tannlege Olaf
Sørhus, svoger til dokteren. På altanen står
m.a. dokterens far, stasjonsmester K. Kjølmoen.
107. Tanter og onkel til Nils
Løseth og søster Ella.
110. Bildet ser ut til å vera fra
“Gjale”, der familien Raaen budde.
112. Frå venstre: Ole Holmsve,
Ola Lorvik. Jon Røflo. Lengst til høgre Magnus
Støre og Jens Lunnan.
115. Johan Salberg med
søster-dottera Ingeborg (Bolla) Wibe.
117.Signe Marie og John Georg
Roel med sønene Rolf Georg og John Magnus.
121. Frå Håggågjalet: Forslag:
Aasta Roel med sønene Rolf og Per og farmor. Bak
far-far John. Utsikt til Nord-Salberg og
Hellemshaugan.
125. Rolf Georg og John Magnus
Roel.
m.v.h. Einar Wibe
Einar Wibe har sendt dette på E-poast!
Eg har sett over nokre bilder, men
fleire står att. Personar kjenner eg
nokre av, andre er eg ikkje
garantert sikker på, og ein del
nokså usikker. Men mykje er lagra i
eit gammal hau, av indre bilder frå
barndoms- og ungdomstid, så det kan
godt hende at nokre vage minner
kunne vera rette svaret, men lit
ikkje på det. Og så er det dette med
stader der bildene er tatt. Der kan
eg ikkje hjelpe til, dessverre.
Sender no nokre av “resultata” mine,
og så får eg høyre om det er til
noko hjelp.
04. Kan dette vera ein Bragstad og
ein Jule?
11.Han til høgre må vera Magnus
Støre. Både mannen,slipset og
lommeduken liknar svært på Magnus på
09.
13. Ola Ramstad midt på i første
rekke, med hatten i hendene.
Kirsten, kjæreste eller kone, sit
bak Ola.
18. Kjende folk. Andrea veit.
22. Kan to av damene ha etternamnet Gundersen?
24. Bakerst til høgre sit vel Edvin
Gundersen og Olaf Næss, broren til
Anna Næss. I første rekka sit folk
innafrå Børgin-landet. Nr.2 frå
venster kan vera ein Lorvik, bror av
Ola,nr,3, så Ole Holmsve og, truleg,
Olas bror Sigurd Lorvik. Lengst til
høgre Julius Lorvik, faren til Ola
og Sigurd. (Ola heitte eigentleg Ole
Arnolf.)
27.Sittande frå venstre: nr.3 Edvin
Gundersen, nr.4 må vera ein Røflo,
Jon eller Asel, helst Jon. Kan han
med skjermhuva vera Anton Indgul?
Undrast om nest ytterste i bakre
rekka er Jens Lunnan. I første rekka
er Magnhild Hervik (seier Andrea) og
deretter Karoline Holtan, Åse
Salberg (delvis skjult) og Kåre
Grande.
29. Nr.6 frå venstre er Ingrid
Holtan, nr.10 (mann med hatt) er vel
Aksel Røflo. Nr.2 frå høgre kan vera
Borghild KJølmoen, nr.3 Olav Hervik
(samme mann som på nr.27,nr.1 frå
venstre). Nr.5 frå høgre Sigrid
Brandtsegg, nr. 6 Åse Salberg. Nr 7
kan vere Anne Lunnan.
30. Frå venstre: Lilly Bye? Thedora
Støre, Dagrun Støre og Dagrunn
Aalberg (med nn).
32. Ingrid Holtan. Mann til
venstre(med stav) og han lengst til
høgre liknar på Ola og Sigurd
Lorvik(Langennji).
41. Er det ikkje Ola Lorvik da,
heilt til venstre? Spørst om det
ikkje er to søstre Gundersen i andre
rekke + bror Edvin?
43. Nr.1 frå venstre er Aksel Røflo,
trur eg. Ingrid Holtan Tre av karane
er vel de i samme som på nr. 32, den
eine med hatt her. Sigurd Lorvik med
kjepp. Til venstre Aksel Røflo. Bak
frå venstre er kanskje Borghild
KJølmoen, nr. 3(med hatt) Sigrid
Brandtsegg og så Olav Hervik(?)
44. Magnus Støre er det vel, til
venstre, Ingrid Holtan i kvit kjole.
Fremst Randi Aalberg og Åsta Holtan.
Sender dette no, Jan, og så kan det
vel bli meir sidan, dersom det er
til noko hjelp.
Beste helsing
Einar.
TAKK til Einar! Mange av bildene viser ungdommer på tur. I Jubilumsboka, da U.L. Solglytt vart 100 år, står denne turbeskrivelsen: Til fjelds i 1921. Laurdagen den 6. august skulle U. L. Solglytt ha fjeldtur. Veret hadde heile veka vore bra, og alle som tenkte seg i veg gledde seg storlegen. Dette såg ikke verst ut. Men då laurdagen kom synte det seg også ein hel del svarte, fæle skyer på himmelen. Og både termometer, barometer og alle andre metermål fall ufyseleg fort, so regn og styggver måtte det bli. Og utover etter- middagen gjekk gjentorne og tenkte: Bli ikkje veret bedre, blir ikkje han eller han med, og då, ja då kan no likegodt eg væra heime og. Og gutane tenkte omtrent det same - berre på ein annan måte. Ein kunne no bli blaut om fotan også - må liksom risikere så mykje når ein drar til fjells, Og da er det best å væra i ro heime - heller vente til ein annan gong.
Men ikkje alle var myrkredd. I
4-tida vi; tylft ungdoma op frå Stein med kurs for
Floåshalla. Lufta var kald og regntung. Men det var då
oppholdsver.
Og kom vi berre opp til fjellet
fyrr det vart uver.
Likevel var alle i godt humør.
Og nokre byrja straks å
føre seg som kavalera. Den fyrste ulempa møtte vi ved
Lundsaunet, der grinda var surra fast, og alle måtte derfor
gjere ein himmelsprett over.
Det høyrdest ikkje om at
nokon fekk varigt mein av tildragelsen - so den fyrste fåra
var altså over.
Snart var Raufloa i kikkerten,
og så bar det nedover til Floåshalla. Der møtte
representantar fra indre bygda og Sparbu opp, i alt 3-4
mann. No var vi komne til fjellet, stien vi gikk etter var full av farer og freistingar, snart eit tverrstup nedover, - snart eit par stig oppover - snart kvasse og fæle kuppulsteinar - og fluks eit sumphol so myrvatnet skvatt. Dei som hadde på seg lakksko byrja no å få skrupler. Og so myrkt som det byrja å bli, du. Vegen vi gikk etter smatt langs Vådalsvatnet, som låg svart og blankt på ein gong og spegla skogåsane ikring seine sumarkvelden. I 11- tida nådde vi so Volhaugen, kor den sers koselege og romelege hytta vart teken med storm. Plassane i dei to sengene var også straks oppteke, og dei senene som vart utspelt der har eg ikkje høve til å setja på prent. Men snart reiste bålet seg meterhøgt ute på vollen, og lyste over alle åsar og moar innover fjellviddene. Og kaffelars lura seg innåt. Han vart so heit og tummelumsk av varmen at han snart dansa polsdans nedover bakken, berre so kaffevatnet flaut til alle sidor, - i den store panikken som vart for å berge kaffelars kom formannen for noko, og brente opp eit par fingrar. Han underheldt då dei andre eit par timar med å sitja på vollen og stortute. Men snart var kaffelars like full og like heit att, og ved midnattsleite måtte idyllen i hytta bli uroa, for det var almindelig bespisning ute på bakken. Og no smakte smør og brød med mysost like godt som egg og ansjos. Og smakebitar, sukker-bitar og godbitar vart sendt rundt, og alle kunne forsyne seg. Eit slikt måltid med så god apetitt kan presteras berre ein stad og det er i fjellet. Snart måtte vi ta farvel med Volhaugen og dra vidare, og etter å ha tulla ein halv times tid kom vi durande inn på Ystgårdssætra med hui og skrål så vi mest skremde vitet av ein storfugl som hadde teke kvile for natta i åsen der. Men tenkte vi på kvila der, so skal alle gudar vita at vi tenkte feil. Det var fullt belegg frå fyrr av kåte galningar frå Sparbu. Dei tok likevel fornuft åt seg og let oss få sengjene. Men vi var 15 stk og det var liggjeplass åt 4, og kven kunne sova i eit slikt rom? Dei einast som kan hen da dorma inn var dei tvo gjentorne som tok ein gut imellom seg. Enten det no var sengjevarmen som gjorde det eller det var den pinlege situasjonen dei alle var uti kan eg ikkje seia for visst. Men eg vona at den stakkaren som var liggjande i midten kan konstatere om det tok på helsa. Etter at ein dugande frokost var ekspedert, drog vi over fjellet til Stavlunden i Verdalen. Vi hadde alle god hug på rømegraut. Og over myrane og åsane bar det med song og skrål. Det var no Ijose dagen att, men heller kaldt i veret. Men det gjorde ingen ting, vi heldt oss alltids varme. Etter ein god times marsj kom vi så langt at vi såg sæteren med buskapen nedanfor. Endeleg var vi der. No skulle det smaka med ein dugande graut, sann!'
- "No vil vi ha ein dugande
rjomegraut hos Dykk" sa vi åt budeia. Gjekk over berg og djupe dalar og kom endeleg fram til Leklemsvatnet. Der kokte vi kaffe og åt opp resten av nista. Og so gjekk vi vidare igjen til vi kom til Solem. Der måtte vi stanna og sjå på det storfeldte utsyn ein har over innherreds-bygdene der frå. Men det byrja så smått å sno så kaldt av regnet som var i anmarsj at vi måtte snart rusla vidare heim kvar til seg. Men då vi skildest ved Salberg var vi einige om at tross kaldt ver og lite deltakarar var denne fjellturen den morosamaste laget hadde haft. Og til slutt vil eg seia åt dei som satt heime: Lat ikkje dørstokkmila skrema dykk - det løner seg aldri. Bli med alle som kan ein annan gong.
Ein som var med. Ett bilde fra Marsteinsvola, i 1930, står under denne teksten, kanskje kommer det som Nik. Malmo bilde senere.
|