GJETARSTEIN'an, BORTJØMMTE KULTURMINNA.


Deinn henn artikkel'n kainn du lesa i EYNNI IDRI ferr 2011.

Arikkel'n e skrevvi, som du sjer tå hainn John Røflo, onkel te Jørgrn som hi skrevvi artikkel'n om Gjetarstein onner hen. Deinn e plassert i terrænge, mænn kor legg deinn henn stein?

E de nån som veit, seinn E-post eiller skriv i Jæsteboka.

GJETARSTEIN, mål ferr Inderøyturer.

Ein 3-4 hoinner meter nol, å litte øst, fer tåppen på Marsteinsvola, finn du Gjetarstein. Deinn e ein tå Inderøyturan, mæn legg i gammle Sparbu kommune.

Gjetarstein e itj bærre ein stein, mænn i værdifoillt kulturminne. Signatur'n te Gjeteran e sirle rissa inn. De gamlestan e frå 1860 tale. Klekk på bilde så kainn du leit sjøl.

Gjetarsteinen

I”gamle dagar” hadde gardar frå Verdal, Røra og Sparbu ei omfattande seterdrift i mest heile Volhaugområdet. Ein av desse gardane var Ner-Ydse i Verdalen. Det er nedanfor den gamle Ydsevolden, nordaust i Marsteinsvola, at vi finn ”Gjetarsteinen”, ei stor og flat steinblokk som ein gong i tida har ramla ned frå den langsstrakte og bratte bergskrenten nedanfor toppen av vola. Her la den seg roleg til, med høveleg og innbydande helling til å slå seg ned med nisteskreppa, eller til å legge seg nedpå om ein måtte føle for det. Frå steinen hadde ein høg oversikt over store myrområde med frodig beitemark i kantane, og med glisne holt av  skog imellom, med ly og lægje for bøling og buskap. Lenger unna - den vakre Henningbygda på andre sida av Leksdalsvatnet. Bakom der att - ville vidder og fjerne fjell med eventyr i seg, mana fram gjennom blå dis av lange timar i vaktsam venting på steinhella under berga. Rett i sør låg Landstadvolden, ikkje lenger unna enn at ein kunne kommunisera med både fe og folk, og når det rauk frå pipa der, var ein ikkje åleine i fjellet med ansvar og ung einsemd. Slik sett var steinen den aller beste kommandoplass ein kunne tenkje seg, med lette i arbeidet og som kjelde til oppleving og fantasi. Derfor vart steinhylla oppe i ura ein naturleg opphaldsplass for gjetarungane frå Ner-Ydse gjennom plikttunge og vaktsame gjetardagar, år etter år, dokumentert frå om lag 1850. Medan tunge timar gjekk har dei korta tida med å risse  årstal  og førbokstavane i namna sine inn i den glatte skifrige steinflata. For det meste er dette initialane til tantar og onklar til farmor Beret Anna Røflo, f.Ydse… (1871 – 1954). Slik har ”Gjetarsteinen” blitt ein minnestein  til refleksjon over så mangt. Eit slektsminne, men mye meir enn det: Ein sær men skarpt rissa dokumentasjon over viktige delar av samfunnslivet i lokalmiljøet som gjer historia både nær og levande. Steinen vart ”attfunne” tidleg på syttitalet. Da var han gløymt og aller mest gjøymt av tjukk mose, men under mosehammen kom historia fram på nytt. I dag er steinen svært vanskeleg å finne, innvakse som den er i tett skog og ustyrleg kratt. Det fortel og sitt om korleis tida både set og slettar sine spor. På den tida seterdrifta gjekk for fullt, i alle fall fram til det førre århundreskiftet, gjekk det meste av skogen med til brensel og virke til seterdrifta. Samstundes var jo beitinga heile grunnlaget for seterdrifta. Terrenget var snaut men fullt av levande liv gjennom travle sommar- og haustveker. Det er framleis liv på slettene nedanfor Gjetarsteinen. I januar kjem løypemaskina frå Verdal og dreg opp sine silkespor kring Volhaugen og Vola, og hundrevis av skiløparar glir glatt forbi gjennom friske vinterveker. Så blir det stilt. Men steinen talar, og du finn han.

Jørgen Røflo

Takk til Jarle E. Rennan, på kommunen, som har sendt meg bilde og artikkel skrevet av Jørgen Røflo.

HEN FINN DU 'n:

Kart å referansa e heinta frå Norgesglasset.

Frå Stubbsetertjønna går du mot Yssedalen å tek føst vei'n te vengster, da finn du kvit/raue merkeband heilt fram te stein. Kjæm du åver Voltåppen må du ikke gå direkte mot Gjeterstein, der e de stupbratt. Gå heiller rætt nolåver, finn du svenge dæ inn mot myra, neom stein. Der finn du merkebainna som vise dæ vei i jænnom krattskogen å fram te stein.